I utvikling for å møte framtida
Ventemerdane er snart borte. Med nytt opptaksanlegg unngår me smittekjelder, og laksen vert nedkjølt og roleg. Gevinsten er betre fiskevelferd og eit betre produkt til forbrukaren.

Det er me stolte av!

ÅRSMELDING 2015

Dette er Bremnes Fryseri


Det handlar om sunn mat hausta frå havet.
Om gründermentalitet og innovasjon,
og berekraftig produksjon.
Om gode arbeidsplassar,
stolthet og lokal identitet,
men mest av alt handlar det om kvalitet.

"

Investeringane me har teke
synleggjer at me ynskjer å
vera ein leiande aktør i
utviklinga av bransjen.



Olav Svendsen - Konsernsjef

Lagspelet med naturen

Me ligg plassert heilt ut mot havet. Ytst på den fantastisk flotte og samstundes krevjande kyststripa i vest. Det er her me har tradisjonar. Det er her me trivest. Og det er her me produserer den beste fisken havet kan by på. Lagspelet med naturen her ute er nøkkelen til våre resultat.

Fjoråret vart nok eit bra år for Bremnes Fryseri. Me hadde ein liten produksjonsauke i forhold til 2014, og me ser at me har lagt eit bra grunnlag for året me no er inne i. Dette skuldast mange faktorar. Ein av dei viktigaste er dei tilsette. Me har framifrå kompetente medarbeidarar i alle ledd, noko som er med og gjer oss eit konkurransefortrinn.

Me har også følgt opp investeringstakten på utstyr og nyvinningar. Dømer på det er ny båt utstyrt med Thermolicer for skånsam og effektiv avlusingsmetode, samt bygginga av det topp moderne smoltanlegget i Trovåg. Verdt å nemna er også etableringa av nytt mottaksanlegg i Kvednavikjo, der faktorar som smitte og rømming vert heilt eliminert når anlegget er ferdig bygd.

Desse investeringane er ikkje berre med på å stadfesta at me heile tida ynskjer å forbetra oss. Dei synleggjer også at me ynskjer å vera ein leiande aktør i utviklinga av bransjen. Me er del av ei næring som til tider får hard medfart i media. Det er heilt ok å bli spent i leggen om det me ikkje gjer er bra nok, men av og til kjennest det som om at det ikkje er det faglege me sviktar på. Det er informasjonen ut til publikum.



Heile bransjen har mykje å gå på når det gjeld å formidle kor målretta me jobbar, kor mykje sunn mat me produserer, og kor mange arbeidsplassar me genererer. Det er mykje uvisse om næringa, og det er me som er lakseprodusentar som må spreie den gode og rette bodskapen. Me er meir samarbeidspartnarar enn konkurrentar, og me er avhengige av å finna løysingar i lag.

Å sjå den iveren og viljen det er internt for å skape nye effektive arbeidsmetodar er svært positivt. Det gjer meg både glad og motivert, og det viser mentaliteten hos våre tilsette. Og ikkje minst: Det gjer meg trygg på at me saman kjem til å lukkast også i åra som kjem!

"Look to nature"

Grunnfilosofien bak lakseproduksjonen til Bremnes Fryseri er «Look to nature». Heilt frå laksen er rogn til han er vaksen prøver me å kopiera tilhøva i naturen etter beste evne - ut frå det me veit om biologien til villaksen. Målet er å skapa best mogleg fiskehelse og fiskevelferd, to særs viktige byggjesteinar som ligg i botn for heile verksemda vår.



Me startar allereie med rogna, som me plasserer på ein kunstig «elvebotn» av plastsubstrat. Denne liknar på oppvekstmiljøet lakserogna har på elvebotnane ute i naturen.

Bremnes Fryseri har oppdrettsanlegg på 23 lokalitetar. Fellesnemnaren for alle desse lokalitetane er gode straumtilhøve og reint, friskt vatn. Me justerer anlegga for å sikra optimal plassering på kvar einskild stad.

For å auka trivselen og betra helsa til fisken vår ytterlegare, er me svært opptekne av å halda tettleiken i merdane låg. Difor nyttar me merdar som er ekstra store. Resultatet er at 160 m merdar med fullvaksen laks består av 99 prosent vatn og berre har ein prosent fisk. Dette er om lag halvparten av det styresmaktene set som krav.

Eit anna særpreg ved oppdrettsverksemda vår, er at me også nyttar ekstra djupe nøter i merdane. På den måten let me fisken sjølv velja kva vassjikt han vil opphalda seg i, og laksen kan symja til den delen av sjøen som har mest optimal temperatur for årstida.

Når ein fisk er sett ut i ei merd, let me han bli der frå han vert sett ut til han er fullvaksen. Me verken sorterer eller flyttar laks frå merdane. På den måten unngår me situasjonar som kan påføra fisken unødig stress.

Icon

25000
tonn laks pr. år

Icon

Icon

20
laksmiddagar pr. nordmann

Me sikrar trygg produksjon og topp kvalitet!

Me utviklar rogn med særleg gode eigenskapar i samarbeid med stamfiskanlegg. Etter klekking veks yngelen opp i eit ferskvatnanlegg.

Laksesmolten vert sett ut i sjøen når han er omlag 100 gram. Der veks han fram i merdar med ekstra god plass til han kan haustast. Kombinert med friskt vatn og gunstige straumforhold sikrar me laksen god fiskehelse.

Når laksen er omlag 5 kilo vert han transportert levande frå dei ulike oppdrettsanlegga, til opptak og handsaming ved fabrikken vår i Øklandsvåg. Ferdige produkt av ulike slag vert her klargjort og lasta for distribusjon til kundar over heile verda.

Vår fokus på kvalitet frå start til mål gjev eit sluttprodukt av høgaste kvalitet.

"

- Me kan klara å avlusa 1000 – 1500 tonn laks i døgnet med ein behandlingseffekt på 90 – 95 % av lakselusa. Heilt utan bruk av medikament. Det tykkjer eg er fantastisk.



Ernst Olav Helgesen

Eva Elisabeth - lakselusa si verste fiende

Å utvikle oppdrettsnæringa krev mot, kunnskap og investeringsvilje. Difor kjøpte Bremnes Seashore sitt største farty nokosinne, og utrusta båten med det aller beste utstyret. Resultatet er eit verkty som kan avlusa opptil 1500 tonn laks i døgeret.


Det er vinter på Bømlo. Året er 2015. Nokre månader tidlegare har Bremnes Seashore kjøpt Noregs fyrste Thermolicer. Eit effektivt verktøy i kampen mot lakselusa. Med Thermoliceren gjev ein laksen eit bad i 30 grader i løpet av eit halvminutt. Resultatet er at lusa fell av laksen og døyr.

Men sjølv om verktyet visar seg å vera effektivt er ikkje lekteren Thermoliceren står på fleksibel nok i forhold til flytting frå anlegg til anlegg. Medan kalde vinterstormar herjar utanfor lokala i Kvednavikjo set kloke hovud seg saman og diskuterer korleis ein kan få ei meir effektiv løysing. Og det fort.

- Å bygga ny båt ville ta lengre tid enn om me kjøpte ein brukt båt og bygde den om, fortel prosjektleiar Ernst Olav Helgesen.

Bruktbåtmarknaden vart tråla. I Noreg og i nabolanda viste det seg å vera umogleg å finna ein båt som passa til formålet. -Me måtte heilt til Tyrkia for å finna båt. Kort tid etter kjøpet i april vart skuta sett på land ved eit verft i Istanbul. Alt utanom hovudmotorane vart fjerna. Ny innreiing vart montert og ny generatorpakke tilpassa Thermolicarane vart installert.



Allereie i september var den tidlegare dykkarbåten ferdig bygd om. No var det berre å setja kursen mot Noreg og Fitjar Mekaniske Verkstad der den skulle utrustast med dekksutstyr og Thermolicerar frå Steinsvik.

Den 4. desember var båten operativ. Eg må vedgå at dette har vore ei kjempespennande utfordring der eg synest me har fått til svært mykje på kort tid, slår Helgesen fast.

Han skryt av dei involverte partane som har vore delaktige i prosjektet, både internt og eksternt. Og båt og mannskap ser ut til å fungere bra.

- Det er klart at det har vore ei bratt læringskurve for mannskapet om bord. Men dei har verkeleg stått på. Me ser at me kan klara å avlusa 1000 – 1500 tonn laks i døgnet med ein behandlingseffekt på 90 – 95 % av lakselusa. Heilt utan bruk av medikament. Det tykkjer eg er fantastisk.

«Eva Elisabeth» er operativ 24/7 og har eit mannskap på fem til ei kvar tid. Men for at operasjonane skal gå så smidig og effektivt som mogleg er også eit samkjørt serviceteam avgjerande.

- Dei er kjempeviktige for å få dette til. Dei klargjer merden før båten kjem, og dei sluttfører arbeidet etterpå. Her handlar det om godt handtverk frå alle involverte, konkluderer Helgesen.

Lakselusbåten «Eva Elisabeth» er ikkje berre ei teknisk nyvinning på fjorden, den er også første båten i det nye reiarlaget Bremnes Shipping. Administrerande direktør Einar Eide er svært nøgd med det nye verktyet mot lakselusa.

- Dette er ei nyvinning og ei enorm investering for oss. Me likar å vera leiande og utvikla både oss og næringa. Me er difor både glade og stolte over nyebåten «Eva Elisabeth» og dei muligheitene fartyet vil gje oss framover!

Icon21Matfiskkonsentrasjonar
Icon3Settefiskanlegg
Icon1Slakteri

"

Me stikk hovudet litt fram når
me gjer dette. Samstundes
ser me kor viktig det er å
tenka nytt. Dette gjev
utvilsamt betre fiskevelferd
og produktkvalitet.



Bjørn Willy Sæverud - Viseadministrerande direktør

Med laks i tankane

Om berre nokre få år kan ventemerdar av den tradisjonelle sorten vera historie i Kvednavikjo. For på kaien innerst på anlegget står bransjens mest moderne mottaksanlegg for levande laks.


Brønnbåten glir sakte inn gjennom sundet. Forbi den flytande ventemerden. Så sig den sidelengs inn mot tankanlegget. Berre minuttar seinare sym den fyrste laksen inn i ventetanken på land. Meir skånsamt for fisken og meir effektivt enn nokon gong tidlegare.

- Frå fisken vert henta ute på lokaliteten og til den er trygt på plass i tanken på land går den i lukka system. Det reduserer faren for smittespreiing og rømming til eit minimum, fortel viseadministrerande direktør Bjørn Willy Sæverud.

Han er svært nøgd med erfaringane frå prøveperioden siste halvåret.

- Dette er det første anlegget i sitt slag i Noreg. Me stikk hovudet litt fram når me gjer dette. Samstundes ser me kor viktig det er å tenka nytt. Det er tydeleg kva effektar me oppnår. Dette gjev utvilsamt betre fiskevelferd og produktkvalitet, held han fram.



Noko av nøkkelen er at fisken oppheld seg i vatn med god og kontrollerbar vasskvalitet og vert så gradvis kjølt ned når den kjem inn i tanken. Det gjer at fisken vert rolegare.

- Me har hatt inne fagfolk som har gjort vitskapelege testar på laksen som har gått direkte i ventetank i staden for ventemerd. Det viser seg at fisken som har gått i ventetank har betydeleg betre kvalitet etter slakting, seier prosjektleiar for mottaksanlegget, Vidar Steinsbø. Det er eit poeng dei to trur kundane vil merka seg. At anlegget er effektivt og miljøvenleg er eit anna poeng.

- Tank nr. 2 er klar i løpet av mai. Då kan me produsere 300 tonn laks pr. dag. Fram til dess vil me arbeida aktivt for å gjera anlegget endå meir strømlinjeforma, fortel Sæverud.

Totalt er det areal til seks tankar på området. Førebels er det planert og gjort klar infrastruktur til tre av dei.

- Dette er eit FOU-prosjekt og eit pilotanlegg for landbasert ventemerd. Det gjer at me har måtta ta omsyn til mange ukjente parameter. Det er alltid enklare å bygga ting som har vore bygd før, men like lærerikt er det ikkje, meiner Steinsbø.

- Ein kan samanlikne dei tradisjonelle ventemerdane med hest og kjerre. Dei nye tankane er som ein topp moderne Audi, avsluttar Sæverud spøkefullt.

Våre viktigaste ressursar

I Bremnes Fryseri er det mange som ope fortel at dei er stolte av å arbeida i verksemda. At dei er stolte av å produsera Salma. Og at dei er stolte av å kunna produsera millionar av sunne laksemiddagar til menneske verda rundt. Me er stolte av å ha dei som medarbeidarar!

Saman dreg me den mest spennande og innovative norske lakseverksemda i same retning. Inn i framtida mot nye marknadar.

Icon
329
gladlaksar
jobbar hos oss

Hovudtal 2016


39,6 %

Eigenkapital

22,1 %

Vekst

6,5 %

Overskotsgrad

ÅRET 2015

JANUAR
Lansering av kampanje for å rekruttera nye medarbeidarar til oppdrett.

FEBRUAR
Vedtak om å investera i skip for ikkjemedikamentell avlusing.

MARS
Tomta til det nye settefiskanlegget i Trovåg er ferdig planert og klar for bygging.

APRIL
Salma RAW vann prisen for beste nye produkt og pris for orginalitet ved sjømatmessa i Brüssel.

MAI
Ni av elleve nye arbeidsbåtar levert.

JUNI
6000 tonn laks slakta ved eigne produksjonsanlegg.

JULI
Fiskeriminister Elisabeth Aspaker er på vitjing.

AUGUST
600 tonn råstoff foredla ved eigen fabrikk.

SEPTEMBER
Oppstart for byggjing av ny kai ved settefiskanlegget i Trovåg.

OKTOBER
Produsert 3400 tonn laks i sjøanlegg.

NOVEMBER
3000 tonn laks tatt opp gjennom det nye opptaksanlegget.

DESEMBER
"Eva Elisabeth" er levert og sett inn i kampen mot lakselusa.





VERKSEMDA SIN ART OG LOKALISERING
Bremnes Fryseri AS er eit holdingselskap med kontor i Bømlo kommune. Verksemda til morselskapet omfattar drift av eigedommar og investering i andre føretak.

Konsernets verksemd har hovudkontor i Bømlo kommune med produksjonsavdelingar i Hardanger, Sunnhordland og Rogaland og salskontor i Bergen og Oslo. Verksemda til konsernet omfattar i all hovudsak oppdrett av settefisk og matfisk, samt slakting, pakking, frysing, foredling og sal av oppdretta laks og lakseprodukt.

FINANSIELLE FORHOLD
Verksemda Bremnes Fryseri AS oppnådde i 2015 eit resultat før avskrivingar på 14,5 millionar, eit driftsresultat på 4,8 millionar og resultat før skatt på 47,3 millionar, der motteke konsernbidrag utgjer totalt 52,7 millionar kroner.

Netto finanspostar var positive med 42,5 millionar.

Verksemda Bremnes Fryseri AS oppnådde netto kontantstrøm frå operasjonelle aktivitetar på 6,6 millionar. Netto kontantstrøm frå investeringsaktivitetar vart -20,0 millionar og netto kontantstrøm frå finansieringsaktivitetar 5,1 millionar.

Konsernet har i 2015 hatt ein auke i omsetninga. Gode salsprisar i siste kvartal og auke i volum har bidrege til en auke i omsetning på 22%. Biologiske utfordringane har derimot ført til ein betydeleg auke i produksjonskost i fleire regionar. Konsernet sitt driftsresultat før avskrivingar (EBITDA) enda på 193,5 millionar, driftsresultatet vart 95,0 millionar og resultat før skatt vart 84,9 millionar. Konsernet sine netto finanspostar i 2015 var -10,0 millionar.



I 2015 var netto kontantstrøm frå operasjonelle aktivitetar 83,1 millionar, netto kontantstrøm frå investeringsaktivitetar var -250,4 millionar og kontantstrøm frå finansieringsaktivitetar utgjer 146,9 millionar for konsernet. Investeringane i 2015 var betydelige og har i stor grad gått til bygging av RAS anlegg som gir stor auke i smoltkapasitet, til landbasert ventemerdanlegg som løftar kvaliteten på laks frå H-82 ytterligare og til auka kapasitet på sjøsida, samt tiltak som betrar drifta sin påverknad på det ytre miljø.

Styret meiner at års- og konsernrekneskapen gir eit rett bilde av konsernet sine eigendelar og gjeld, finansielle stilling og resultat.

Konsernet er eksponert for finansiell risiko i form av marknadsrisiko, valutarisiko, kredittrisiko og likviditetsrisiko. I den grad konsernet ser det som naudsynt har ein styrt risikoen ved bruk av finansielle instrument og forsikringsordningar.

TILSETTE
Ved slutten av året er det 329 tilsette i verksemda fordelt på 128 kvinner og 201 menn. Det er ingen tilsette i morselskapet. Konsernsjef er mann, og den operative leiinga i konsernselskapa består av totalt 18 personar, der 13 er menn, og 5 er kvinner.

Uavhengig av ynskja om likestilling mellom kjønna har konsernet i sin rekrutteringspolitikk og avlønningsystem alltid lagt vekt på at det er den enkelte sin kompetanse og innsats som er avgjerande. Styret vil gje ros til dei tilsette for deira store innsats gjennom året.

Det har vore høgt fokus på sjukefråvær og tiltak på området. Det totale sjukefråveret i selskapet var 6,1 % i 2015. H-verdi i 2014 vart 10,4 mot 21,2 året før.



DISKRIMINERING
Diskrimineringslova sitt formål er å trygga likestilling, sikra like muligheiter og rettigheiter og å hindra diskriminering. Konsernet arbeidar aktivt, målretta og plan messig for å sikra lovens formål innanfor vår verksemd. Aktivitetane omfattar blant anna rekruttering, lønns- og arbeidsvilkår, karriere og beskyttelse mot trakassering.

Konsernet har som mål å vera en arbeidsplass der det ikkje førekjem diskriminering på grunn av redusert funksjonsevne. Konsernet arbeidar aktivt og målretta for å utforma dei fysiske forholda slik at verksemda sine ulike funksjonar kan nyttast av flest mulig.

HELSE, MILJØ OG SIKKERHET
HMS er eit arbeid som aldri kan seiast «ferdig». Det er viktig for Bremnes Fryseri konsernet å ha eit levande, kontinuerleg HMS-system. Konsernet har 2 hovedverneombod og 11 verneombod fordelt på avdelingane. Arbeidsmiljøutvalet (AMU) har halde 4 møte i 2015.

Operativ verksemd har høgt fokus på tryggleik. Ein har investert mykje i nytt og sikkert utstyr. I tillegg har konsernet bemanna opp for å sikra trygge arbeidsforhold og god kapasitet til dagleg drift og oppfølging.



YTRE MILJØ
Konsernet overvaker nøye sjøkvalitet og påverknad av botnforholda rundt anlegga for å sikre ei berekraftig drift utan større fotavtrykk på miljøet.

Lus har og i 2015 vore ei utfordring for selskapet. Som nemnt under finansielle forhold har dette påverka resultat i året. For å møta utfordringane på ein betre måte har verksemda gjennomført ei rekke tiltak med blant anna satsing på førebyggande og ikkje medikamentell behandling mot lus.

Det er kjeldesortering av papir, restavfall og bioavfall. Det er og returordning for plast og eiga ordning for spesialavfall.

SELSKAPETS FOU AKTIVITET
I konsernet har ein som målsetting å drive aktivt med FoU. Arbeidet har vore konsentrert om utvikling og forbetring av kvalitet i slakte og foredlingsprosessen, utvikling av nye foredla kvalitetsprodukt, samt tiltak mot lakselus. Selskapets FoU-aktivitetar blir utført i nært samarbeid med norske forskingsmiljø.

MARKNADSTILHØVE/UTSIKTER FRAMOVER
Etterspurnaden etter sunn, trygg og god mat er sterk og saman med godt marknadsarbeid har eksisterande og nye marknader teke unna det som vert produsert. Situasjonen i dag er ein etterspurnad over det ein klarar å produsera. Dette gjer at føresetnaden for ein sterk marknad dei neste åra er god.



Selskapet har dei siste åra investert betydeleg i oppbygging av biomasse og driftsutstyr som sikrar ei målretta effektiv drift av matfiskverksemda. Det er og satsa betydeleg i nytt landbasert opptaksanlegg som skal sikra kapasitet til auka opptak av fisk og trygga ei god vidareutvikling av den gode kvaliteten til pakkemerke H-82. Den største investeringa i konsernet vert gjort på smoltsida. Dette vil gi betydeleg produksjonskapasitet på stor smolt som vil redusere produksjonstid i sjø og auke framtidig produksjon betydeleg.

Med bakgrunn i dette vert det i samsvar med regnskapslova § 3-3 stadfesta at føresetnaden om framleis drift er lagt til grunn ved utarbeiding av rekneskapen.

RESULTAT OG DISPONERINGAR I BREMNES FRYSERI AS
Bremnes Fryseri AS hadde i år 2015 eit års-/konsernresultat på 47,8/74,2 millionar mot eit samanlikna års-/konsernresultat på 14,0/53,0 millionar året før. I 2015 er det utbetalt utbytte på kr 15 000 000,-.

Styret foreslår følgjande disponering av årsresultat for 2015 på kr 47 809 404,-:

Overført til anna eigenkapital: kr 47 809 404,-

Icon

Om Bremnes Fryseri

Bremnes Fryseri er eit holdingselskap, og eig selskapa Bremnes Seashore, Salmon Brands og Kald Fisk som tek seg av settefiskproduksjon, matfiskproduksjon, slakting, pakking, foredling, sal av Salma, samt innovativ nytenking. Bremnes Fryseri eig og 40 prosent av sals- og distribusjonsselskapet Ocean Quality som sel heilfisk og foredla laks.


Bremnes Fryseri AS
Øklandsvegen 90, 5430 Bremnes

Telefon: 53 42 82 00
bremnes@seashore.no
www.seashore.no




Konsept og programmering av Sydvest

 

Styret si årsmelding

Øyvind Bjørn Fossøy (Styreleder), Laila Knarvik (Styremedlem), Bjørn Willy Sæverud (Styremedlem), Torbjørn Gjelsvik (Styremedlem), Olav Svendsen (Styremedlem og Konsernsjef).